Korleis skal pårørande, fagfolk og politikarar møte dei mange utfordringane som legg press på velferdssystemet vårt?
Ressursmangel, ulike roller, omsyn, oppfatningar og behov kan skape motstand, ikkje berre mellom oss, men også i møte med system, nye tiltak, strategiar og budsjettkutt. Pårørendekonferansen 2026 ser nærare på korleis vi kan overkomme motstanden mellom nasjonale løysingar og kommunale realitetar, mellom behov og ressursar, og mellom fag- og pårøranderoller.
Programleiarane Else Kåss Furuseth og Unni Birkeland vil leie oss gjennom dagen. Pårørandekonferansen har over fleire år vore ein populær arena, kjent for høg fagleg kvalitet og eit godt samansett program.
Årets program finn du her
Kven passar konferansen for?
Konferansen passar for deg som er pårørande, arbeider i Vestnes kommune, representerer ein brukarorganisasjon, eller som rett og slett ønskjer meir innsikt i pårøranderolla og og samspelet mellom pårørande, tenester og samfunn.
Tid og stad
- Dato: 23. september 2026
- Tid: 10:00-14:30
- Stad: Vestnes bibliotek
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Velkommen!