Pårørandevenn

Er du pårørande til ein alvorleg sjuk person som bur heime? Eller ønskjer du å bruke litt av tida di til å bidra til at nokon får støtte og avlasting i ein krevjande kvardag?

Pårørandevenn er eit resultat av eit interkommunalt prosjekt i samarbeid med kommunane Aukra, Hustadvika, Molde og Rauma, samt Helse Møre og Romsdal.

Tilbodet er for deg som er pårørande til ein alvorleg sjuk heimebuande, og som står i ei krevjande omsorgsrolle. 

Ein pårørandevenn er ein frivillig over 18 år som kan bidra med sosial støtte og praktisk hjelp, men skal ikkje erstatte helsehjelp.

Kva kan ein pårørandevenn bidra med?

  • Samtalar og sosial støtte
  • Vere ein turvenn
  • Følgje og transport
  • Hjelp til matlaging, servering og vere selskap under måltid
  • Enkle praktiske oppgåver i heim og hage
  • Hjelp med kjæledyr
  • Vere med å leggje til rette for kvardagen rundt pårørande og pasient

Treng du ein pårørandevenn eller ønskjer du å bli ein?

Vestnes frivilligsentral har ansvar for å rekruttere og følgje opp pårørandevenner og matche frivillige med familiar som ønskjer støtte.

Ta kontakt med Vestnes frivilligsentral for meir informasjon:

E-post: frivillig@vestnes.kommune.no
Telefon: 974 84 478