Pårørandeskule for deg som står nær nokon med demens Til hausten startar Vestnes kommune pårørandeskule for personar som er pårørande til nokon med demens. Gjennom fire samlingar får du kunnskap om demens, møte fagpersonar og treffe andre pårørande i same situasjon.– Pårørandeskulen gir deltakarane auka forståing for demens og konkrete verktøy til å handtere ein krevjande kvardag. Samtidig er det ein viktig møteplass for støtte og fellesskap, seier demenskoordinator Julie Øverås Stokkeland.Om kursetTilbodet passar for alle som står nær nokon med demens, enten personen bur heime eller på institusjon. Kurset er gratis og inkluderer kursmateriell og servering.Tid: Kl. 18.00-21.00 alle kurskveldane.Datoar: 09, september, 16 september, 30 september og 07 oktober Stad: Vestnes Frivilligsentral, Remmemsvegen 2Pårørandeskulen blir arrangert av Vestnes kommune i samarbeid med Nasjonalforeiningen for folkehelsen.Påmelding og spørsmålFor meir opplysningar og påmelding, ta kontakt med demenskoordinator Julie Øverås Stokkeland.Telefon: 482 98 903E-post: julie.stokkeland@vestnes.kommune.noObs: Ved påmelding melder du deg på heile kursrekka, og deltaking omfattar alle fire samlingane. Påmeldingsfrist: 31. August. Sist endra 21.08.2026 15.29