Overvaking av stor granbarkbilleVestnes kommune er med på NIBIO sitt overvakingsprogram av stor granbarkbille. Granbarkbilla er det insektet som gjer mest skade på gran i Noreg og Europa.Barkbillefelle i Vestnes kommune. Skogansvarleg i Vestnes kommune Hilde Valved og Fylkesskogmeister Christina Qvam Heggertveit. Statsforvaltaren v/Fylkesskogmeister Odd Løset Det er tidlegare ikkje påvist stor granbarkbille i Vestnes kommune. Granbarkbilla må ikkje forvekslast med gransnutebilla, som allereie skapar problem for ein del skogeigarar i kommunen. Vi har saman med Statsforvaltaren satt opp ei felle i eit nyhogd granfelt på Vågstranda, og det skal overvakast heile sommaren. Les meir om kartlegginga her Sist endra 29.05.2024 17.44