Over 1,1 millionar kroner til aktivitet for barn og ungeVestnes idrettsråd har i løpet av 2026 fordelt over 1,1 millionar kroner til aktivitet for barn og unge i Vestnes kommune. Midlane skal styrke idrettslaga sitt arbeid og bidra til at fleire får høve til å delta i organisert aktivitet.Fleire tildelingar gjennom året Den siste fordelinga omfattar 708 098 kroner i lokale aktivitetsmidlar (LAM) frå Kultur- og likestillingsdepartementet og 116 162 kroner i ekstra midlar for hausten 2026. Tidlegare i år fordelte Vestnes idrettsråd også 88 000 kroner i ekstra midlar og 170 000 kroner i kulturmidlar til idretten.Samla utgjer dette over 1,1 millionar kroner til aktivitet og fellesskap. Bak tala ligg eit mål om at fleire skal få oppleve meistring, venskap og gleda ved å vere med. Midlane støttar både idrettslaga sitt ordinære aktivitetstilbod og tiltak som opnar fellesskapet for fleire. Kirkeslett, Joar Eit løft for barn og ungdom Hovuddelen av midlane blir fordelte etter medlemstal i aldersgruppa 6 til 19 år. Ungdom blir prioritert ved at medlemmar i alderen 13 til 19 år tel dobbelt samanlikna med barn i alderen 6 til 12 år.Dei ekstra midlane skal hjelpe idrettslaga med å inkludere barn og unge som elles kan ha vanskar med å delta på grunn av økonomi. Målet er at fleire skal få moglegheit til å vere med i aktivitetane idrettslaga tilbyr. – Takk til alle idrettslaga og dei frivillige som gjer midlane om til aktivitet, meistring og gode opplevingar. Det er innsatsen dykkar som gjev pengane verdi i barn og unge sin kvardag, uttalar Joar Kirkeslett leiar i Vestnes idrettsråd. Korleis midlane er/blir fordelt ser du i oversikta under.Fordeling av LAM midlar og ekstra midlar haust 2026 Sist endra 07.10.2026 15:26