Ordførar Randi Bergundhaugen har gått bort

Vår kjære ordførar Randi Bergundhaugen gjekk bort i dag, 09.10.2026.

Ho har betydd mykje for Vestnes-samfunnet og for oss i Vestnes kommune. Som ordførar har ho vore ei kraftfull stemme og representert Vestnes med stort engasjement.

Vi er takksame for innsatsen hennar for kommunen vår og vil minnast henne med stor respekt og varme. Ho vil bli hugsa både for arbeidet ho har lagt ned for Vestnes og for den ho var som menneske.

Våre tankar og medkjensle går til ordførar Randi sin familie og vener i sorga. 

For å heidre minnet etter ordføraren vil kommunen flagge på halv stong. For dei som ønskjer å skrive ei siste helsing, vil kondolanseprotokollen vere tilgjengeleg på rådhuset (servicekontoret) frå måndag kl. 12:00. 

Vi vil komme tilbake med informasjon om vidare forhold når det er naturleg.

Randi Bergundhaugen - Klikk for stort bileteRandi Bergundhaugen Hans Kristian Thorbjørnsen