Ny fastlege frå 1. septemberFrå 1. september startar Andriy Vorotnyak som fastlege ved Vestnes legesenter i ein ny fastlegeheimel. Vorotnyak er spesialist i allmennmedisin.I samband med opprettinga av den nye fastlegeheimelen vil nokre innbyggarar få ny fastlege gjennom tilfeldig uttrekk frå Helfo. For dei som blir omfatta av endringa, vil dette vere synleg på Helsenorge. Sist endra 19.08.2026 15.53