No slepp du å be om innsynFrå 12. oktober opnar Vestnes kommune for fulltekstpublisering av innhald i postjournalen. Det betyr at all offentleg informasjon som blir sendt inn til og ut frå kommunen er tilgjengeleg direkte i postjournalen, og at man ikkje lenger treng å be om innsyn for å lese innhald.I den offentlege postjournalen finn du inn- og utgåande brev til og frå kommunen. Her kan innbyggarar og andre enkelt følgje med på saker som blir behandla av kommunen. Dokumenta kan lesast i sin heilskap dersom det ikkje er gjort unntak med heimel i lov. Den publiserte postjournalen omfattar arkivdelane eigedom, møtedokument, plan og saksarkiv.Tiltaket vil redusere talet på innsynskrav, noko som sparer tid og ressursar for mange einingar i kommunen. Samtidig bidreg det til større openheit rundt kommunen si verksemd.Gode rutinar og ny teknologi gjer dette moglegAlle dokument blir kontrollert fleire gonger før dei blir gjorde tilgjengelege i postjournalen. I tillegg nyttar vi kunstig intelligens som eit supplement til dei manuelle kontrollane. Løysinga kontrollerer journalførte dokument og bidreg til å avdekkje sensitive opplysningar før publisering.Til postjournalen Sist endra 05.10.2026 15:32