No kan du bestille tid for vaksinering

Frå 1. november er det lagt ut timar for vaksinering. Du kan bestille tid i Pasientsky eller ta kontakt med legesenteret.

Vaksinasjonsprogrammet for vaksne

Frå veke 46 opnar Vestnes kommune for årets vaksinering mot influensa, korona og pneumokokksjukdom (lungebetennelse). Tilbodet gjeld alle som er 65 år eller eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper.

Vaksinasjonsdagar på Vestnes legesenter:

  • 10. november kl 16:00 - 19:30
  • 12. november kl 16:00 - 19:30
  • 17. november kl 16:00 - 19:30
  • 19. november kl 16:00 - 19:30
  • 24. november kl 16:00 - 19:30
  • 03. desember kl 16:00 - 19:30

Slik bestiller du time

Du kan bestille time via appen Pasientsky eller du kan ringe legesenteret i opningstida, telefon: 71 18 41 00.

Det er òg mogleg å bestille time til vaksinering i resepsjonen ved legesenteret.

Kven bør ta vaksinene og kva vaksiner kan dei ta?

Vaksenvaksinasjonsprogrammet er retta mot deg som er 65 år og eldre, eller om du tilhøyrer ei risikogruppe.

  • Vaksinene som inngår i programmet er koronavaksine og influensavaksine. I tillegg kan du som er fødd i 1960 og 1961, få lungebetennelsesvaksina Prevenar 20 program til redusert pris.
  • Det er også mogleg å få lungebetennelsevaksine for andre som bør ta den, anbefalt for alle over 65 år 
  • Du kan lese meir om vaksinasjonsprogrammet på FHI sine nettsider.

Pris for vaksiner

  • Influensavaksine: kr 308
  • Koronavaksine: kr 110
  • Lungebetennelsevaksine (om du er født i 1960 eller 1961): kr 110