Kunngjering - Oppheving av eldre reguleringsplanar

Vestnes planutval har i møte 15.04.2026, sak PS-19/26 gjort vedtak om å oppheve fleire eldre reguleringsplanar som er utgåtte eller i det vesentlege erstatta av nyare planar.

Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova § 12‑14.

Kva planar er oppheva?

Følgjande reguleringsplanar er oppheva:

  • 0003 Prestegardsjordet
  • 0012 Kjersemfjellet
  • 0014 Tresfjord
  • 0026 Gangvei til Daugstad skole
  • 0030 Vik Selnes
  • 0036 Skorgevik 3
  • 0044 Prestegardsjordet
  • 0048 Vik industriområde
  • 0053 Vike sentrum
  • 0060E1 Skorgenes industriområde endring
  • 0063 Vestnesbukta
  • 0066E1 Helland sentrum endring 1
  • 0066E4 Helland sentrum endring 4
  • 0067 Tresfjord industriområde endring
  • 0069 Fagerbakken
  • 0075 Gamleskulen Tresfjord
  • 0076 Hellandhaugen endring
  • 0087 Tomrefjellet
  • 0090A Tresfjordbrua del 1 - Remmem
  • 0090B Tresfjordbrua del 2 - Vikebukt
  • 0094 Slutåshaugen
  • 0096 Fiksdal Iverbakken
  • 0096E1 Fiksdal Iverbakken endr.1
  • 0109 Vestnesbukta – Fortau
  • 0119 FB6, gnr 46 bnr 196
  • 0121 Gjermundnes Masseuttak
  • 0140 Gnr 51 bnr 58 og del av Fagerbakken

Kvifor vert planane oppheva?

Formålet med arbeidet er å rydde i kommunens planregister. Dei 27 reguleringsplanane dette gjeld, er alle erstatta av annan vedteken reguleringsplan, utan at det finst eit formelt opphevingsvedtak. 

Opphevinga medfører derfor ingen endring i gjeldande plangrunnlag for eigedomane dei omfattar. Kart som viser planområda, og ei nærare skildring av planvedtaket, finn du i vedlagde plandokument.

Kva gjeld etter opphevingsvedtaket? 

For områda der reguleringsplanane er oppheva, vil dette plangrunnlaget gjelde:

  • kommuneplanen sin arealdel for Vestnes kommune, vedteken 01.10.2015
  • eventuelle andre gjeldande reguleringsplanar som omfattar heile eller delar av områda

Dokument i saka

Klagerett

Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan 3 veker frå kunngjeringsdato, jf. plan- og bygningslova § 1‑9 og forvaltningslova kapittel VI.

Ei eventuell klage skal vere begrunna og sendast skriftleg til Vestnes kommune:

Merk klaga med saksnummer: PLAN-25/00169