Kunngjering - nye vegadressenamn - nytt byggefelt i Fiksdal

Vestnes kommune oppretta namnesak for å finne namn til to nye vegar i samband med utbygging av nytt byggefelt i Fiksdal. Vestnes formannskap vedtok 16.01.2023 Nakkesjøvegen og Notavollvegen som nye vegnamn i samband med utbygging av nytt byggefelt i Fiksdal.

Saka har vore kunngjort på kommunen si nettside, i lokalavisa, i plakatform på nærbutikken i Fiksdal og på sosiale medium med høyringsfrist 20. oktober 2022. Det kom ikkje nye innspel i saka. 

Namna er ifølge Språkrådet tilrådelege som offisielle adressenamnformer.

Dokument i saka:

Vedtak formannskapet (PDF, 148 kB)
Kart - nytt byggefelt i Fiksdal (PDF, 121 kB)