Kulturprisen er på kr.10.000 og eit eige kulturprisdiplom.
Forslagsstillar var FRP v/Bjørn Magne Osdal.
I grunngjevinga (sjå nedanfor) er det lagt vekt på Stephanie og Hallvar sitt engasjement og bidrag til musikkformidling gjennom ulike konsertar av særs høg kvalitet, klasse og nivå - med base i Vestnes kommune.
Vestnes kommune vil gratulere Stephanie Lippert Djupvik og Hallvar Djupvik med årets kulturpris!
Kulturprisen blir markert og utdelt i samband med det siste kommunestyremøte før jul, torsdag den 14. desember.
Grunngjeving:
Årets kulturpris blir tildelt ekteparet Stephanie og Hallvar Djupvik for deira engasjement og bidrag til
alle Vestnes kommune sine innbyggarar gjennom sin flotte sang og musikk. Veldig kjekt at dei har
valt å komme tilbake til kommunen, busette seg her med familien, og ha kapasitet til å formidle og
ikkje minst arrangere konsertar av særs høgt nivå, kvalitet og klasse.
Gjennom mange år har dei sett Vestnes på noregskartet med stor entusiasme og genuint hardt arbeid i sine respektive sjangrar. Gratiskonsertane i Osen med dyktige gjesteartistar er gode minne for dei som har fått gleda av å oppleve desse. Dei er gode ambassadørar for Vestnes og fortener kulturprisen for 2023 for sitt arbeid.
Vestnes kommune, 20.11.2023