Slik minnast vi H.M. Kong Harald V

Det er med djup sorg vi har motteke bodskapet om at Hans Majestet Kong Harald V har gått bort.

Gjennom sitt lange virke har Kong Harald vore eit samlande symbol for Noreg. Vestnes kommune minnest Kong Harald med respekt, takksemd og varme for innsatsen han gjennom eit langt liv har lagt ned for landet vårt.  

Vi flaggar på halv stong i tråd med nasjonale føringar.

Kondolanseprotokoll

For dei som ønskjer å skrive ei siste helsing, er kondolanseprotokollen tilgjengelig:

  • på Vestnes bibliotek fram til kl. 20.00 i kveld (28. august).
  • på Vestnes bibliotek laurdag og søndag kl. 12.00-15.00 (29. og 30. august)

Besøkande blir bedne om å nytte inngangen til biblioteket i Brugata 6.

Frå måndag 31. august vil kondolanseprotokollen vere tilgjengeleg både på biblioteket og servicekontoret på rådhuset fram til etter gravferda.

Blomar

Blomar kan leggast ned ved flaggstengene ved kyrkjene i Vestnes kommune.

Kyrkja

Vestnes kyrkje held ope frå kl. 18.00 til 20.00 fredag 28. august for dei som ønskjer ein stad for samvær i sorga.

Det vil òg vere mogleg å skrive ei siste helsing i kondolanseprotokollen der.

For meir informasjon om kva kyrkja gjør kan du sjå den norske kyrkja sine nettsider.

Offisielt portrett av Kong Harald V i mørk gallauniform med ordnar og dekorasjonar. Fotoet er teke framfor ein nøytral grå bakgrunn. - Klikk for stort bileteHans Majestet Kong Harald V Kongehuset.no