Kommunene i Romsdal innfører Helseplattformen som planlagtKommunane i Romsdal jobber vidare med innføring av Helseplattformen, med planlagt oppstartsdato 4. november 2023. Dette gjeld alle kommunane i Romsdal; Rauma, Vestnes, Aukra, Hustadvika og Molde. - Vi forheld oss til gjeldande planar og førebur oss grundig for å innføre Helseplattformen, opplyser regional innføringsleiar for Romsdal, Gøril Groven. I samarbeid med dei kommunale innføringsleiarane skal ho jobbe for ein best mogleg prosess på vegen mot eit heilt nytt pasientsystem i kommunane. Så langt har sju kommunar i Trøndelag tatt i bruk Helseplattformen. Innføring i dei seks kommunane som kobla seg på samtidig som St. Olavs hospital har gått etter planen, og dei melder at løysninga fungerer godt. Ytterlegare 12 kommunar planlegg å innføre Helseplattformen i 2023, inkludert kommunane i Romsdal. Utsatt oppstart for sjukehusa St. Olavs Hospital i Trondheim var det første sykehuset som innførte Helseplattformen. Her har det vore samansatte utfordringar og det er nødvendig å bruke tid på feilrettingar. Styret i Helse Midt-Norge har derfor valgt å utsette utrullinga for helseforetaka i Nord Trøndelag og Møre og Romsdal. Helseplattformen orienterer Helseplattformen skal bidra til auka informasjonsflyt mellom dei ulike helsetenestene og pasienten, samt auke pasientsikkerheit. Viseadministrerande direktør Christer Mjåset i Helseplattformen held ei orientering til Molde formannskap tirsdag 10. januar klokken 13. Du kan sjå den i opptak via lenka til Molde KommuneTV. Sist endra 17.01.2023 14.50