Rådhuset opnar ikkje før sikringstiltak er gjennomført


I påvente av ombygging av inngangspartet vil dørene framleis vere låste, men alle tenester er tilgjengelege. Her finn du kontaktinformasjon til kommunen og NAV.

Kartlegg geologien frå lufta

Kartlegg geologien frå lufta

Frå slutten av mai og i cirka fem veker framover skal Norges geologiske undersøkelse (NGU) utføre geofysiske målingar frå helikopter i Møre og Romsdal.

Dette er undersøkingsområdet for dei geofysiske målingane med helikopter. Figur: NGU

Arbeidet skjer i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, som eit ledd i kartlegginga av mineralressursane i fylket. Flygingane skjer i eit område frå Eide i nordaust til Julsundet i vest, og frå Isfjorden i søraust til Sjøholt/Skodje i sørvest.

I undersøkinga brukar NGU ein elektromagnetisk målesonde, som heng under helikopteret. Sonda registrerer elektrisk motstand i bakken og lokale variasjonar i jorda sitt magnetfelt. Det bideg i den generelle geologiske kartlegginga. 

Samtidig blir det samla inn informasjon om radioaktive element i bakken. Desse undersøkingane kan avdekke moglege cesium-rester etter Tsjernobyl-ulykka i 1986. Naturlege bakgrunnsverdiar kan og gi ein pekepinn på radonnivået i bebyggelsen.

Målingane blir utført av det innleide helikopterselskapet Pegasus Helicopter AS frå Gardermoen saman med NGU. Sjølve målingane foregår ved at helikopteret flyg i parallelle linjer med ei konstant høyde på 60-75 meter over bakken. Det blir ikkje gjort målingar i dårleg ver, som tåke, regn, snø eller sterk vind. 

Dataene blir etter kvart tilgjengelege for alle i kartdatabasen på NGU sine nettsider. 

NGU vil forsøke å utføre målingane i nært samarbeid med lokalbefolkninga. Bestemte verneområder eller naturreservat blir ikkje berørt av flygingane. Dersom målingane ikkje er foreneleg med anna aktivitet, ønskjer NGU å bli kontakta slik at mindre justeringar i måleopplegget kan gjerast.

Kontaktpersonar

Seksjonsleiar Marco Brönner, telefon: 48 60 76 96, e-post: marco.bronner@ngu.no
Prosjektleiar Kari Aslaksen Aasly, telefon: 47 31 94 41, e-post: kari.aasly@ngu.no
Sjefingeniør Frode Ofstad, telefon: 90 95 21 58, e-post: frode.ofstad@ngu.no