Møtearrangør Vestnes ungdomsråd saman med ordførar, mobbeombod og elev- og lærlingombod. Bak f.v. Ordførar Randi Bergundhaugen, Magnus Jensen, Michelle Gjerde, Emma Sofie Vik Vasseli, Sofia Nerås Eide, Karoline Nerås Eide, Bjørnar Wernberg Aas og mobbeombod Kristin Øksenvåg. Framme f.v. Kenni Eyiram Dogbey, Tuva Johanne Rypdal Hovden og elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden.Kva er BRA i Vestnes?
Natur og friluftsliv
Den flotte naturen i Vestnes blir trekt fram som ei styrke. Det er korte avstandar til gode turmoglegheiter og naturopplevingar.
Kommunen har eit rikt kulturliv og gode fritidstilbod
Det er eit variert tilbod av ulike aktivitetar å delta på. Det blir trekt fram at vi har gode lavterskeltilbod og gratis aktivitetar for ungdom i tillegg til dei meir «tradisjonelle» idretts- og kulturtilboda. Biblioteket og Smud blir nemnt som gode møteplassar.
Plasseringa i fylket
Vestnes er plassert midt i fylket og mellom tre byar. Vi ligg sentralt til og det er enkelt å nytte kollektivtransport når ein skal til Molde eller Ålesund.
Fleire av gruppene legg også vekt på at det er trygt å bu og opphalde seg i Vestnes, både på dag- og kveldstid.
Kvar vil vi? Kva mål/planar/visjonar har vi realisert i 2036?
Vi har ein ny felles ungdomsskule
Dette var eit prioritert innspel i alle fem gruppene. Målet er ein ny ungdomsskule der alle trivest og har det bra.
Betre kollektivtilbod
Det er godt kollektivtilbod når ein skal ut av kommunen, men innanfor kommunegrensa er mangelfullt kollektivtilbod til hinder for deltaking på aktivitetar på ettermiddag og i helgene.
Det blir lagt vekt på at det må på plass eit betre tilbod i heile kommunen, også i utkantane.
Gode møteplassar
Kommunen treng gode møteplassar for barn og unge, og økonomi til å ha gode tilbod til denne aldersgruppa.
Kva treng vi for å nå måla våre?
Betre økonomi
Det er semje om at økonomien spelar ei stor rolle for å nå måla. Det er nemnt både generelt, men også spesifikt som at økonomi til å drifte frivilligheita og til å ha gode tilbod til ungdom er viktig.
Samarbeid og stå-på vilje
Samarbeid i ulike former er viktig for å nå måla. Samarbeid mellom bygdene, mellom private og offentlege aktørar, og mellom lag og organisasjonar kan føre til mindre bygdestrid, meir framsnakking av kommunen og bygge ein Vi-kultur.
Betre oppfølging av barn og unge
Mange barn og unge slit psykisk, og oppfølginga bør vere samanhengande frå barnehage til ungdomskule. Betre skulehelseteneste og tilrettelegging for fleire aktivitetar og møtestader for ungdom er også trekt fram som viktig.
Kva hindrar oss?
Økonomi
Dei økonomiske ressursane strekk ikkje til, og det blir og peika på at politisk usemje og mangel på prioriteringar er til hinder for å nå måla.
Kompetanse
Vi manglar arbeidskraft, og det er ei utfordring at få med den kompetansen vi treng flyttar til eller heim til kommunen. Fråflytting og at unge ikkje kjem tilbake etter endt utdanning er også moment som går igjen.
Bygdestrid
Krangel, manglande samarbeid mellom bygdene og lite vi-kjensle blir trekt fram som eit hinder for utvikling. Felles aktivitetar som t.d. grendacupar og andre større arrangement som krev samarbeid kan vere med på å styrke fellesskapskjensla.
Alle innspela kan du lese her (PDF, 543 kB)