Innføring av Helseplattformen i Vestnes kommune

Overgang mellom våre noverande journalsystem og Helseplattformen er i Vestnes sett til den 3. november kl. 22.

Vi førebur oss godt slik at overgangen til nytt journalsystem skal gå bra. Pasienttryggleiken og nødvendig helsehjelp vil bli ivaretatt. Noko redusert kapasitet i helse og omsorg kan dessverre førekomme i ein overgangsperiode.

Vi oppfordrar alle innbyggarar om å laste ned appen HelsaMi. HelsaMi er innbyggarportalen til Helseplattformen. HelsaMi er tilgjengeleg for deg som er innbyggjar i Midt-Noreg og for pårørande til pasientar i regionen. Helseinformasjon til barn ser du inne på eigen brukar dersom du er føresett. Alle over 16 år loggar enkelt og trygt inn med BankID. HelsaMi finnes som nettstad og som app. Gjennom HelsaMi kan du mellom anna få oversikt over dine helseopplysningar og ha dialog med helsepersonell.   

HelsaMi er eit tillegg til Helsenorge. HelsaMi hentar helseinformasjon frå Helseplattformen. Det vil si at dersom du ikkje har hatt kontakt med helse- og omsorgstenester som bruker Helseplattformen vil det vere lite innhald inne i HelsaMi. Alle sjukehusa i Midt-Norge skal gradvis ta i bruk systemet. 

Meir om HelsaMi og korleis bruke appen.

Vi gjer merksam på at fastlegeordninga ikkje er klar i Helseplattformen, og Vestnes legesenter derfor ikkje skal ta i bruk Helseplattformen eller HelsaMi no. Ved Vestnes legesenter skal innbyggjarane framleis nytte pasientsky appen eller ringe legesenteret for timebestilling.