Innbyggardialog: Kvar og korleis skal vi bu i framtida i kommunen vår? Vi inviterer til innbyggardialog om bustader, bumiljø og arbeidet med den bustadpolitiske planen tysdag 17. november. Korleis ønskjer vi at det skal vere å bu i Vestnes i framtida? Kva er viktig for at folk skal trivast der dei bur? Og kva skal til for at fleire skal kunne finne ein bustad som passar behova deira?For å ta gode val bustader og bumiljø treng vi kunnskap om kva innbyggarane meiner. Difor inviterer vi til ein kveld der du både får informasjon og høve til å dele tankar, erfaringar og innspel.Innspela frå innbyggardialogen vil vere eit viktig grunnlag når vi skal planleggje korleis Vestnes skal utvikle seg som ein god kommune å bu i, både i dag og i framtida.Tid og stadDato: Tysdag 17. november Tid: Kl. 17.00–19.00 Stad: Vestnes bibliotek Alle er velkomneInnbyggardialogen er open for alle. Du treng ikkje forkunnskap om temaet for å delta.Vel møtt til ein viktig samtale om framtidas Vestnes kommune.Plakat i samband med innbyggardialogen Sist endra 02.11.2026 14:06