Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Informasjon om vass-situasjonen i Vestnes - vatnet bør framleis kokast

Informasjon om vass-situasjonen i Vestnes - vatnet bør framleis kokast

Vestnes vassverk informerer om at alle skal ha fått igjen vatnet no,  men at det vil bli enkelte som i løpet av dagen opplever å miste vatnet igjen. 
Vatnet bør framleis kokast.

Dersom det blir behov for å hente vatn eller å få tilgang til toaletter vil Vestnes brannstasjon og Stella Maris bli opna opp. Dette vil det da bli  lagt ut informasjon om.

Råd frå Helseinstituttet om kva du bør gjere når du får kokoevarsel frå vassverket