Bakgrunn
I samband med arbeidet med kommuneplanen sin arealdel og oppfølging av kommunedelplan for naturmangfald, vil det bli gjennomført feltarbeid i ulike delar av kommunen gjennom sommaren og hausten. Arbeidet er konsentrert til strandsona (100-meters beltet) og startar opp i veke 25.
Målet er å få betre kunnskap om naturtypar og artsmangfald i strandsona. Prosjektet er finansiert av Miljødirektoratet gjennom ordninga Natursats.
Ved plan- og utbyggingssaker blir det ofte stilt krav om naturkartlegging frå sektormyndigheitene. Når kommunen no samlar inn denne kunnskapen på førehand, vil behovet for kartlegging i private prosjekt kunne bli redusert. Det kan det gjere framtidige prosessar enklare og meir føreseielege.
Kartlegginga kan også vere nyttig for grunneigarar som ønsker å søke tilskot til tiltak for truga natur og kulturlandskap. Generelt gir det eit auka kunnskapsgrunnlag før ein set i gong tiltak som kan påverke naturen.
Feltarbeidet blir utført av Naturrestaurering AS. Kartleggingarane skjer i utvalde område og kan også omfatte privat eigedom. Vi håpar på forståing for dette viktige arbeidet, som skal bidra til betre kunnskap om naturen i kommunen.
Kva skal kartleggjast?
NiN-kartlegging (Natur i Noreg) er det offisielle, standardiserte systemet i Noreg for å beskrive og klassifisere natur. Målet er at naturtypar over heile landet skal kartleggjast og vurderast på ein einsarta og presis måte.
I tillegg til registrering av naturtypar vil det bli peika ut område med særleg økologisk verdi og registrert artar av nasjonal forvaltningsinteresse.
Korleis påverkar dette grunneigarar i kommunen?
Når eit område blir kartlagt, inneber det at feltbiologar ferdast til fots i terrenget, observerer vegetasjon, klassifiserer naturtypar og registrerer informasjonen digitalt.
Ved kartlegging på innmark kan det vere nødvendig å ferdast over innmarksareal.
All ferdsel skjer i tråd med friluftslova og med omsynsfull ferdselskultur.
Kven kan eg kontakte?
Dersom du har spørsmål om kartlegginga, eller det er behov for å ta særlege omsyn ved ferdsel, kan du kontakte:
Alexander Kenneth Connor
E-post: alexander.connor@vestnes.kommune.no
Ta gjerne kontakt så snart som mogleg.
Vil du vite meir om Natur i Noreg?
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.