Bak tala finst menneske. Menneske som strevar, menneske som står nær, og menneske som kanskje ber på meir enn omgjevnadene veit. Sjølvmordsførebygging vedkjem oss alle. Vi treng ikkje vere fagpersonar for å kunne gjere ein forskjell. Nokre gonger kan det viktigaste vere å sjå eit menneske, vise at vi bryr oss og våge å spørje.
Kva kan du gjere?
Ver merksam dersom nokon rundt deg trekkjer seg unna, verkar meir nedstemd enn vanleg eller gir uttrykk for håpløyse.
Ta kontakt
Temaet i år er: Start samtalen – saman
Eit enkelt spørsmål, eller ei melding med «korleis har du det, eigentleg?» kan bety meir enn vi trur.
Lytt utan å måtte finne løysingar. Det viktigaste er ofte å få fortelje korleis ein har det og oppleve at nokon toler å høyre.
Våg å spørje direkte dersom du er bekymra.
«Har du tankar om at du ikkje ønskjer å leve?»
Å spørje om sjølvmordstankar skaper ikkje slike tankar. Tvert om kan det opne ei dør til hjelp.
Hjelp personen med å søkje støtte dersom det er behov for det. Fastlege, legevakt og kommunale psykiske helsetenester kan vere viktige vegar vidare.
Og kanskje aller viktigast:
Ikkje undervurder kor viktig det er å bli sett!
Ein samtale, ein telefon, ein kaffikopp, ein invitasjon eller eit spørsmål til den som har vorte litt stille, kan vere eit lite augeblikk for deg, men bety svært mykje for den andre.
På Verdsdagen for sjølvmordsførebygging minner vi kvarandre om at det finst hjelp, at håp kan kome tilbake, og at ingen skal måtte stå åleine når livet blir vanskeleg.
Treng du nokon å snakke med?
Du treng ikkje stå åleine når livet er vanskeleg. Ta kontakt med nokon du stolar på, fastlegen din eller kommunen si helseteneste.
- Mental Helse – Hjelpetelefonen: 116 123
Gratis og døgnopen. - Kirkens SOS: 22 40 00 40
Døgnopen kriseteneste. Du kan vere anonym, og dei tilbyr også chat og meldingstenester. - Legevakt: 116 117
Når hjelpa ikkje kan vente til fastlegen er tilgjengeleg. - Akutt fare for liv og helse: 113 Ring med ein gong ved akutt sjølvmordsfare.
- LEVE: 22 36 17 00
Landsforeininga for etterlatne ved sjølvmord. For etterlatne, pårørande, andre berørte og dei som treng støtte eller informasjon etter sjølvmord.
Hilsen oss i Psykisk helseteam Vestnes