Hytte/fritidsrenovasjon i Vestnes

Alle skjønar at desse kontainerane ikkje er tenkt til slikt avfall. 

I Vestnes har vi gode ordningar for avfall. I abonnementet ligg det fri levering av ei viss mengde grovavfall til miljøstasjonen ved Vestnes renovasjon. Likeeins er det fri levering av alt farleg avfall frå private hushald. Ein er også fri til å nytte andre miljøstasjonar i Årim dersom det er meir praktisk. 

For tilfellet som er avbilda vurderte vi å politianmelde sidan det er meir hærverk enn levering av avfall. Vi valde likevel å bruke eigne folk til å rydde og levere materialane til Vestnes renovasjon. Men dersom vi finn ut kven som har gjort dette vil vi sende faktura for arbeidet. 


Med helsing Vestnes kommune, tekniske tenester