Høyring: Lokal forskrift om satsar for berekning av grunntilskot til private barnehagar

Vestnes kommune sender forslag til lokal forskrift om grunntilskot til private barnehagar for 2027 på høyring. 

Stortinget har endra barnehagelova og reglane for finansiering. Ei viktig endring er at kommunane ikkje lenger skal fastsette grunntilskot til private barnehagar gjennom årlege enkeltvedtak.

I staden skal kommunen fastsette satsane og grunnlaget for berekninga i ei lokal forskrift. Kommunen skal òg kunngjere forskrifta.

Forskrifta skal fastsettast innan 30.11.2026 og vil gjelde for tilskotsåret 2027.

Kommunen sender no forslaget til lokal forskrift på høyring. Høyringa skjer etter forvaltningslova § 37.

Forskrifta skildrar kva satsar kommunen vil nytte når han bereknar grunntilskotet til private barnehagar.

Høyringsdokument

Slik sender du inn høyringsinnspel

Innspel skal sendast skriftleg til: postmottak@vestnes.kommune.no

Innspela skal merkjast med: Høyringsinnspel – Lokal forskrift om satsar for berekning av grunntilskot til private barnehagar.

Høyringsfrist: 13.10.2026