Høyring - Forslag til forskrift om gravplassvedtekter for Vestnes kommuneVestnes kyrkjelege fellesråd har vedteke å sende forslag til forskrift om gravplassvedtekter for Vestnes kommune ut på høyring.Bakgrunn for revisjonenBakgrunnen for revisjonen er behovet for å oppdatere dei tidlegare gravplassvedtektene slik at dei er i tråd med gjeldande regelverk, dagens praksis og lokale forhold ved gravplassane i kommunen. Revisjonen omfattar også nødvendige tillegg om namna minnelund, slik at gravforma kan takast i bruk.Kva er foreslått endra?Ei sentral endring i forslaget er at enkelte område blir stengde for kistegravlegging, fordi tilhøva i grunnen eller gravstorleiken gjer dette nødvendig. Områda blir berre stengde for kistegravlegging, og kan framleis nyttast til urnegraver. Vestnes kommune har framleis særs god kapasitet på graver.For dei fleste innbyggjarar vil endringa ikkje ha praktisk betydning. Forslaget kan likevel få betydning for grav der det er ønske om framtidig kistegravlegging i område som er foreslått stengde. Som unntak frå stenginga kan grav som allereie er sett av til ektefelle eller tilsvarande nær relasjon, likevel nyttast til kistegravlegging.Festarar/gravansvarlege for graver i dei områda som er foreslått stengde for kistegravlegging, vil få høyringa tilsendt direkteHøyringsdokumentHøringsbrev (PDF, 52 kB)Forslag til forskrift om gravplassvedtekter for Vestnes kommune (PDF, 112 kB)Kart over område foreslått stengde for kistegravlegging (PDF, 2 MB)Slik sender du inn høyringssvarHøyringssvar kan sendast på e-post til kyrkjeverge Hege Haugen: hege.haugen@vestnes.kommune.noVestnes kyrkjelege fellesråd ønskjer innspel til forslaget innan 10. august 2026.Alle kan nytte seg av høvet til å kome med høyringssvar. Sist endra 05.06.2026 15.53