Har du behov for vatn og tilgang til toalett?

Med bakgrunn i at det tek tid å få tilbake vatnet i delar av kommunen vil Vestnes kommune legge tilrette for at det kan hentast vatn ved brannstasjonen på Helland i kveld frå kl 20:30 - 22:00.

Du må sjølv ta med nokok å frakte vatnet i.

Ein kan nytte toaletta ved Stella Maris i kveld fram til kl 22:00 og i morgon kl 11:00 - 13:00.

Vassverket opplyser at vatnet truleg vil kome tilbake I løpet av kvelden, men gjer det ikkje det vil du kunne hente vatn ved Vestnes brannstasjon mellom kl 11:00 og 13:00 i morgon. Stella Maris er ope i same tidsrom.