I kjent stil finn du eigenproduserte varer frå Dagsenter Strandbo, tombola, utstillarar med handverk og matvarer, og messekafé med mykje godt i disken.
Inngangen er gratis.
Handverk med meining
Gjengen på Dagsenter Strandbo har stått på og produsert eit stort utval varer innan broderi, vev, strikk, saum og tennrullar.
I fjor vart enkelte varer utselde etter kort tid. I år er det laga meir, men sidan produkta er handlaga og unike, finst det ofte berre eitt eller nokre få eksemplar av kvart design. Difor løner det seg å vere tidleg ute.
Populær møteplass
Handverksmessa har blitt eit fast innslag for mange, og i år har interessa frå utstillarane vore større enn nokon gong.
Blant utstillarane finn du både nye og kjende namn, og rundt 20 vil vere på plass med handverk og matvarer. Messa får årleg gode tilbakemeldingar frå både utstillarar og besøkande, som trekkjer fram den gode stemninga og det varierte innhaldet.
Meir enn berre produkt
Bak kvart produkt ligg det mykje arbeid, frå små, enkle oppgåver til meir avanserte prosjekt. Dagsenter Strandbo legg til rette slik at flest mogleg kan delta og oppleve inkludering, trivsel, meistring og arbeidsglede.
Hjarteleg velkomen til ein hyggeleg dag på Myra Kulturbygg!
Les meir om arrangementet på Facebook
Plakat i samband med messa