Rådhuset opnar ikkje før sikringstiltak er gjennomført


I påvente av ombygging av inngangspartet vil dørene framleis vere låste, men alle tenester er tilgjengelege. Her finn du kontaktinformasjon til kommunen og NAV.

Godkjende listeforslag til kommunestyrevalet 2023

Godkjende listeforslag til kommunestyrevalet 2023

Valstyret i Vestnes kommune har i møte 08.05.2023 godkjend 9 vallister til kommunestyrevalet 2023.

Godkjende vallister

Offentleg ettersyn av valistene

Vallistene er lagt ut til gjennomsyn på Rådhuset og i denne artikkelen.

Jamfør vallova § 6-8 må klage med krav om endring av valstyret sitt vedtak om å godkjenne eit listeforslag
framsettast innan 7 dagar etter offentleggjering av overskriftene på godkjende vallister.

Slik klagar du

Klaga skal sendast til Valstyret i Vestnes kommune, Rådhuset, Brugata 10, 6390 Vestnes eller på epost: postmottak@vestnes.kommune.no.

Klaga må vere signert og grunngjeven.