Frivilligpris 2022 og feiring av frivilligheita i Møre og Romsdal

Søndag 4. desember inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune til Frivilligheita sin inspirasjonskonferanse og festmiddag på Scandic Seilet i Molde. Her skal Vestnes kommune invitere med seg fire frå det frivillige miljøet, og ein av desse fire skal vi nominere til Frivilligprisen.

Frivilligpris 2022

Alle kommunane er inviterte til å kome med forslag til ein person som har utmerka seg med frivillig arbeid i sitt lokalsamfunn.

Generelle vilkår for Frivilligpris 2022 (PDF, 688 kB)

Frivilligprisen 2022 skal gå til ein person som har gjort ein stor innsats for frivilligheita i sitt lokalsamfunn over lengre tid. Eit mål er å skape interesse, engasjement, auke statusen og fremme dei frivillige. Prisen skal vere til inspirasjon for frivilligarbeidet i fylket. Gjennom å løfte fram gode eksempel av frivillige, vil ein synleggjere frivilligheita sin verdi for menneske og samfunn.

Prisen er ein del av fylkeskommunen sitt arbeid for å stimulere til mangfald, inkludering og ein nyskapande frivillig sektor.

Alle som kommunane har nominert til Frivilligprisen 2022, blir inviterte til frivilligfesten 4. desember der prisen blir delt ut. 

Prisen er på kroner 30 000, og vinnaren får i tillegg eit kunstverk til ein verdi av 5000–6000 kroner frå ein kunstnar i Møre og Romsdal.

Det er mange frivillige som gjer ein stor innsats for fellesskapet i Vestnes. Kommunen ønsker difor å få innspel/forslag frå lag, organisasjonar og einskildpersonar om kven Vestnes sin kandidat til frivilligprisen skal vere.

Kandidatforslag sendast til karianne.austnes@vestnes.kommune.no eller ingrid.skjegstad@vestnes.kommune.no

Frist for å sende inn forslag: 24.10.2022