Fritak for eigedomsskatt

Kommunestyret vedtek fritak for eigedomsskatt etter Eigedomsskattelova sin § 7a og b. Dette fritaket blir innvilga for eitt år av gongen og i samsvar til dei retningsliner lova gjev.

Kommunestyret kan frita desse eigedomane heilt eller delvis for eigedomsskatt:

  1. Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten.
  2. Bygning som har historisk verde.

Lag, foreningar, stiftingar og andre som fekk fritak etter § 7a og b for skatteåret 2022, treng ikkje å søke for skatteåret 2023.

Søknad om fritak etter § 7 a og b, for nye eigedommar, vert å sende Vestnes kommune, Rådhuset v/Eigedomsskattekontoret, 6390 Vestnes eller e-post: eigedomsskatt@vestnes.kommune.no innan 06.01.2023.