Flyfoto viser planområdets plasseringPlanområdet er lokalisert i Remmemsvika, ca. 1 km sør for Vestnes sentrum
Planendringa omhandlar følgende tema:
- Endring av arealformål for felt F1, frå forretning til bustader
- Auke i utnyttingsgrad for bustader innanfor planområdet
Sjå høyringsdokument på arealplaner.no
Vurdering av planendringa:
I samråd med Vestnes kommune er det vurdert at endringane ikkje vil gå ut over hovudrammene i gjeldande plan, og heller ikkje påverke gjennomføringa av denne. Det er vurdert at endringane ikkje vil røyre ved omsyn knytt til viktige natur- og friluftsområde.
Endringa kan såleis behandlast etter forenkla prosess, jfr. plan- og bygningsloven § 12-14 andre ledd.
Slik sender du innspel til planarbeidet:
Myndigheiter og heimelshavarar som berøres av endringa skal gis høve til å uttale seg før eit vedtak om reguleringsendring etter forenkla prosess kan treffast jf. Plan- og bygningslova § 12-14, tredje ledd.
Du kan sende inn merknader og synspunkt slik:
- Via sikker digital post:
- Eller via brev til:
- Vestnes kommune, Brugata 10, 6390 Vestnes
Alle innspel må merkast: PLAN-25/00208
Frist
Frist for uttale til planarbeidet er sett til 09.06.2026
Eventuell overgang til ordinær planprosess
Dersom kommunen i den vidare handsaminga kjem til at reguleringsendringa må behandlast etter ordinær planprosess, skal dette varslet reknast som melding om oppstart av planarbeid i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12‑1 og 12‑8.