Finn di friluftsglede med Stikk UT!

1.mai braka det laust med heile 620 turmål i vår region. I friluftslivets år oppfordrar vi alle innbyggarane våre til å vere ekstra mykje ute og bruke Stikk UT!-turane til å samle på fine naturopplevingar.

Illustrasjon StikkUT - skog fjell - blå himmel - Klikk for stort bilete

I Vestnes har vi 19 turmål. Historisk vandring med Postvegen gjennom sentrum og Remmemsvatnet er heilt nye i år. Nå er det også mogleg å registera turmål på nett, og ikkje berre i appen.

Bli med på Stikk UT! og kjenn kor tilfredsstillande det er å bli litt sprekere gjennom sommaren, og samtidig kjenne på gleden av å vere i naturen med fuglekvitter, bekkar som sildrar eller synet av det yrande livet i ei maurtue. Det er ulik vanskelgrad på turane, så her kan alle finne ein tur som passer for seg. Vi ynskjer dykk ein god Stikk UT! sesong. 

StikkUT.no