Felles fagdag for alle barnehagetilsette i Vestnes

Tirsdag 08.08.2023 var alle tilsette i barnehagane i Vestnes, både kommunale og private, på felles fagdag på Myra. 130 stk. var påmeldt. 

Psykologspesialist Marie Midtsund som arbeider for «Tilknytningspsykologene» stod for innhaldet i dagen som handla om å sjå barnet innanfrå og COS sirkelen. (COS – Circle of Security/Trygghetssirkelen.)

Målet for dagen var at alle tilsette skulle få felles kunnskap om korleis jobbe med tryggleik, relasjon og tilknyting i barnehagen.  Og dermed kunne gje barnehagebarna i Vestnes ein trygg og god barnehagekvardag.

Barnehagetilsette på kurs - Klikk for stort bilete
Bilde av psykologspesialist Marie Midtsund - Klikk for stort bilete