Får Fylkeskulturprisen 2026 for arbeidet med Søblomsten

Båtbyggarmuseet/Fartøysamlingane i Vestnes er tildelt Møre og Romsdal fylkeskommune sin Fylkeskulturpris 2026 for arbeidet med å restaurere galeasen Søblomsten. 

Vestnes kommune gratulerer med ei særs velfortent utmerking, og rettar samstundes ei stor takk til alle som har bidrege til restaureringa gjennom mange år.

Søblomsten vart bygd i Vestnes i 1864 og er eit viktig kulturminne for både Vestnes og heile regionen. Det har vore lagt ned ein stor innsats frå både fagmiljø, tradisjonshandverkarar og frivillige for å gi fartøyet nytt liv. Arbeidet er eit godt døme på korleis kulturarv kan takast vare på gjennom samarbeid, engasjement og langsiktig innsats.

Fylkeskulturprisen er ei viktig anerkjenning av arbeidet som er gjort for å bevare og vidareføre ein sentral del av den maritime kulturarven i Vestnes kommune og Møre og Romsdal.

Les meir om tildelinga og grunngjevinga på Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider.

Les meir om Søblomsten og restaureringsarbeidet på iVestnes.no