Endring av timebestilling til Vestnes legesenter

Vestnes Legesenter og Vestnes kommune har det siste halvåret jobba med ei endring i timeoppsettet for Legesenteret. På grunn av større trykk frå pasientar som søkjer lege, fleire oppgåver vert lagt til fastlegane og i perioder mangel på fastlegar, har vi no kome fram til ei løysing som vi håper kan gjere fleire fornøgde. 

Mange i befolkninga har sakna moglegheita til å verte sett opp på time fram i tid.

Frå 15. januar 2024 vil ein ikkje lenger kunne få time same dag som ein kontakter legesenteret, anna enn for akutthjelp. Vi vil i ei prøveperiode fram mot sommaren gje tilbod om å sette seg opp på time fram i tid.

Timebestillinga foregår framleis gjennom Pasiensky eller telefonkontakt. Nokre få timar vil ein også kunne reservere med online timebestilling.

Vi håper dette vil gjere arbeidsdagen lettare og gje pasientane den forutsigbarheita som vi opplever mange har sakna.