Endra opningstid ved servicekontoret

Vestnes kommune gjer ei midlertidig endring i opningstidene ved servicekontoret frå 1. mars 2026. 

Ny opningstid:  

  • Måndag–fredag
  • Kl. 12.00–14.00

Endringa gjeld både skranke og telefon.

Utanom opningstida kan du bruke dei digitale tenestene våre på vestnes.kommune.no.

Om du veit kven du treng å snakke med, kan du ta direkte kontakt med vedkomande på telefon eller e‑post som før. Om du skal snakke med ein saksbehandlar, anbefaler vi å avtale tid på førehand, slik at dei kan setje av tid til deg og gi betre oppfølging.

Vi har òg andre måtar å kontakte oss på. Du finn ulike alternativ i knappen under:

Kontakt oss