Ekstremvêret Ingunn: Pressemelding frå Vestnes kommuneVestnes kommune førebur seg på ekstremvêret Ingunn, og har hatt møte i kriseleiing tysdag kveld. Alle offentlege skular held stengt onsdag 31. januar. Barnehagane held ope som normalt.Frå onsdag ettermiddag og fram til torsdag ettermiddag er det venta ekstremt kraftige vindkast i ytre strøk av Møre og Romsdal. Følgjande tiltak blir i verksett i Vestnes kommune:Barnehagane held ope som normalt i morgon.Dei offentlege skulane, inkludert vaksenopplæringa, held stengt. Det blir ikkje gjennomført undervisning, men skulane/SFO er opne for dei som ikkje kan ha forsvarleg tilsyn med barna heime. Foreldre er ansvarleg for transport til og frå skule/SFO.Det blir ingen undervisning på kulturskulen onsdag, og alle kommunale fritidstilbod held stengt.Kommunale dagtilbod/dagsenter held stengt.Vestnes kommune anbefaler lag og organisasjonar om å avlyse all aktivitet onsdag ettermiddag og kveld.Oppmodar tilsette i Vestnes kommune som har moglegheit til det å ta heimekontor.Kommunen ber om at dei som er pårørande til eldre og sjuke å halde eit ekstra auge med sine nære. Vestnes kommune ber alle om å vere ekstra forsiktige så lenge ekstremværet pågår, og opphalde seg minst mogleg utandørs.Kriseleiinga i Vestnes kommune held nytt møte onsdag. Oppdatert informasjon kjem i etterkant av møtet. Sjå oppdatert værvarsel på varsom.no Sist endra 30.01.2024 22.39