Ekstra utbetaling til deg som mottek sosialhjelp

Du som mottek sosialhjelp frå NAV får ekstra utbetaling i desember. Du treng ikkje å gjere noke - pengane kjem rett på konto.

15. desember bestemte Stortinget at dei som får sosialhjelp i desember skal få ei ekstra utbetaling. Det er 1000 kroner per mottakar, og i tillegg 1000 kroner per barn i hushaldinga.

Pengane blir utbetalt fortløpande før jul.

Du treng ikkje å gjere noko - dersom du har rett på denne ekstra utbetalinga, så veit NAV allereie kven du er, og det går automatisk. Du får ikkje trekk i andre ordningar på grunn av denne ekstra utbetalinga.