Dette tek vi med oss frå innbyggardialogen "Kvar og korleis skal vi bu i Vestnes?"

17. november gjennomførte vi ny innbyggardialog. Som ved tidlegare innbyggardialogar kom det fram mange gode innspel.

Dette snakka vi om 

Ordførar Bjørn Inge Olsen opna møtet og ønskte velkomen. Han understreka at innspel frå innbyggarane er viktig for å utvikle kommunen og la vekt på at dette er eit spennande arbeid.

Kommunedirektør Audhild Mork tok deretter ordet. Ho orienterte om bakgrunnen for arbeidet med den bustadpolitiske planen og sette det inn i ein større samanheng gjennom mellom anna kommuneplanen sin samfunnsdel, kommunal planstrategi og den heilskaplege innsatstrappa.

Ho peika på kor viktig bustaden er som ramme rundt livet vårt. Ein bustad handlar ikkje berre om kvar vi bur, men også om meistring, tilhøyrsle, deltaking og livskvalitet. Ho oppmoda deltakarane til å tenkje framover og reflektere over korleis vi skal leve i framtida gjennom gruppearbeidet, ikkje berre korleis vi bur i dag.

Kommunalsjef for samfunn og samskaping, Helene Øvrelid, presenterte deretter arbeidet med den bustadpolitiske planen. Ho forklarte kva ein bustadpolitisk plan er, og korleis planen skal omfatte både den generelle og den sosiale bustadpolitikken.

Det vart òg presentert resultat frå den nyleg gjennomførte innbyggarundersøkinga om framtidige bustadbehov. Undersøkinga viser mellom anna at mange bustader ikkje er godt nok tilpassa framtidige behov knytte til alder og redusert funksjonsevne. Samstundes etterspør innbyggarane eit meir variert bustadtilbod, som til dømes fleire små, rimelege og tilgjengelege bustader.

Dette vart sett i samanheng med at Vestnes kommune, i likskap med mange andre kommunar, står framfor demografiske endringar med fleire eldre, færre unge vaksne og fleire små hushaldningar. Dette vil påverke kva slags bustader det blir behov for i framtida.

Siste innleiar før gruppearbeidet byrja var Ingvild Gjerdset, arkitekt og rådgivar innan by- og tettstadutvikling i Møre og Romsdal fylkeskommune. Ho delte erfaringar frå andre kommunar og presenterte korleis gjennomtenkt bustadutvikling kan bidra til gode bumiljø, møteplassar og attraktive lokalsamfunn.

Med utgangspunkt i Myra som døme, synte ho korleis ein moglegheitsstudie kan nyttast for å utforske ulike måtar å utvikle eit større bustadområde på, og korleis val knytte til bustadtypar, møteplassar, grøntområde og infrastruktur kan påverke korleis folk bur og lever saman.

Resultatet av gruppearbeidet 

Som på tidlegare innbyggardialogar fekk deltakarane diskutere ulike spørsmål knytte til temaet for kvelden.

1. Dersom du skulle flytte frå dagens bustad, kva bustadtype ville du føretrekt?

Eit gjennomgåande tema i gruppediskusjonane var ønsket om fleire mindre og meir lettstelte bustader. Leilegheiter, rekkehus, mindre einebustader og bustader på eitt plan eller med universell utforming vart peika på som attraktive alternativ.

Fleire understreka også behovet for bustader som er tilpassa ulike livsfasar og ulike hushaldningstypar. Det kom òg mange innspel om alternative buformer. Klyngetun, bufellesskap og løysingar med fellesareal vart trekte fram. Fleire peika på at slike løysingar kan bidra til sosialt fellesskap og tryggleik.

Sentrumsnære bustader med nærleik til tenester, møteplassar og aktivitetstilbod vart òg sett på som viktig. 

2. Sjå føre deg at Myra blir ein ny "bydel" i Vestnes. Kva ønskjer du at området skal innehalde? 

Deltakarane ønskte eit variert bustadområde med plass til ulike aldersgrupper og livssituasjonar. Fleire peika på at området bør innehalde ulike bustadtypar og storleikar, slik at både unge, familiar og eldre kan finne ein bustad som passar behova deira.

Fellesskap var eit tema som gjekk att i fleire av gruppene. Mange ønskte møteplassar som kan bidra til aktivitet og sosial kontakt mellom innbyggarane.

Fleire peika òg på verdien av fellesareal og sambruk av fasilitetar som kan bidra til fellesskap og aktivitet i kvardagen. Felles hageområde, samlingsarenaer og rekreasjonsområde vart løfta fram, i tillegg til kafé, butikk, trenings- og aktivitetstilbod, omsorgsbustader og ulike former for bufellesskap.

Det vart også understreka at bustadene bør tilpassast området og naturen rundt, slik at naturkvalitetane blir tekne vare på i utviklinga av området.

3. Har du forslag til tiltak som kan gjere det meir attraktivt å bu i Vestnes kommune?

Barnehageplassar og gode oppvekstvilkår vart løfta fram som viktige faktorar for familiar som vurderer å etablere seg i kommunen. Fleire peika òg på behovet for attraktive arbeidsplassar dersom kommunen skal klare å tiltrekkje seg og behalde innbyggarar.

Kollektivtransport var eit anna tema som gjekk att. Deltakarane peika på at gode transportløysingar er viktige både for kvardagslivet og for utviklinga av kommunen.

Mange peika òg på behovet for rimelege bustader og ordningar som kan gjere det enklare å etablere seg på bustadmarknaden. Leige-til-eige-løysingar og informasjon om ordningar som startlån vart nemnde som moglege verkemiddel.

Kultur, idrett og sosiale møteplassar vart òg trekte fram som viktige kvalitetar. Kulturhus, fleirbrukshallar, fritidstilbod og møteplassar for ungdom vart løfta fram som tiltak som kan styrkje både trivsel og fellesskap i kommunen.

Fleire understreka òg betydninga av å ta vare på og utvikle eksisterande natur- og rekreasjonsområde, leggje til rette for aktivitet for alle aldersgrupper og sikre utvikling både i sentrum og i bygdene. Det vart også peika på betydninga av frivillige lag og organisasjonar som bidreg til aktivitet og fellesskap i lokalsamfunna.

Dette gjer vi med innspela vi fekk 

Innspela vil vere ein del av kunnskapsgrunnlaget i det vidare arbeidet med den bustadpolitiske planen. Vi kan ikkje svare på alle innspela som kom fram, men det var nokre tema som gjekk att hos fleire av deltakarane.

Nye buformer og fellesskap

Fleire av deltakarane løfta fram klyngetun, bufellesskap og andre buformer som legg til rette for meir fellesskap. Mange peika på korleis slike løysingar kan bidra til sosial kontakt, tryggleik og støtte i kvardagen.

Vi tek med oss innspela når vi skal vurdere korleis den bustadpolitiske planen kan leggje til rette for eit meir variert bustadtilbod som møter behova til ulike alders- og livsgrupper.

Bustader for ulike livsfasar

Behovet for mindre, lettstelte og sentrumsnære bustader gjekk att på fleire bord. Deltakarane peika òg på behovet for bustader som er tilpassa ulike livsfasar og ulike hushaldningar.

Fleire peika òg på behovet for ordningar som kan gjere det enklare å etablere seg på bustadmarknaden. Informasjon om startlån, andre støtteordningar og ulike etableringsløysingar vart nemnt.

Innspela vil vere viktige når kommunen skal vurdere kva bustadtypar og verkemiddel det bør leggjast til rette for i framtida. 

Gode bumiljø, møteplassar og nærmiljø

Innspela handla ikkje berre om sjølve bustadene, men også om kva som finst rundt dei. Mange peika på kor viktig det er med møteplassar, fellesareal, aktivitetstilbod og gode nærmiljø.

Kaféar, kulturtilbod, aktivitetsområde, leikeplassar, grøntområde og sosiale møteplassar vart nemnt. Det same vart behovet for arenaer der barn, unge, vaksne og eldre kan møtast på tvers av generasjonar.

Fleire grupper var opptekne av å ta vare på grøntområde, rekreasjonsområde og naturkvalitetar når nye bustadområde skal utviklast. Det kom mellom anna innspel om å leggje til rette for nærleik til natur, turmoglegheiter og uteområde.

Tilbakemeldingane viser at gode bumiljø handlar om meir enn sjølve bustadene. Desse innspela vil inngå i dei vidare vurderingane av korleis nye bustadområde kan utviklast på ein måte som både skaper fellesskap og tek vare på eksisterande kvalitetar i nærmiljøet. 

Attraktive lokalsamfunn i heile kommunen

Fleire av innspela handla om kva som skal til for å gjere Vestnes kommune attraktiv både for dagens innbyggarar og framtidige tilflyttarar.

Barnehagar, arbeidsplassar, kollektivtransport og gode fritidstilbod vart løfta fram som viktige faktorar. Samstundes peika fleire på behovet for attraktive bustader og gode bumiljø både i sentrum og i bygdene.

Dette stadfestar behovet for å sjå bustadpolitikken i samanheng med den generelle samfunnsutviklinga i kommunen. Innspela vil derfor ikkje berre vere relevante for den bustadpolitiske planen, men også for anna plan- og utviklingsarbeid i kommunen.