Den heilskaplege innsatstrappaDu kan no ta i bruk den heilskaplege innsatstrappa, ei ny løysing som gir betre oversikt.Målet er å gjere det lettare for deg som innbyggar å finne fram til tilbod og få rett hjelp til rett tid. Innsatstrappa gir ei samla oversikt over tilbod og moglegheiter, frå enkle og førebyggjande tiltak til meir omfattande og spesialiserte tenester. Den synleggjer kva du kan gjere sjølv, kva lokalsamfunnet kan bidra med, og kva kommunen kan hjelpe med.Ei trapp gjennom livetVed å samle tilbod og tenester i éin modell, blir det enklare å orientere seg over kva som eksisterer og finne gode løysingar. Den heilskaplege innsatstrappa løftar ikkje berre fram kommunale tenester, men peikar på tilbod og tenester i lokalsamfunnet og løftar fram desse ressursane som ein viktig del av løysinga.Innsatstrappa er i tråd med kommunen sin strategi i samfunnsplanen, der ein skal fremje trivsel, meistring og god folkehelse i alle fasar i livet og prioritere førebyggande arbeid og tidleg innsats.Ei levande løysingInnsatstrappa er ikkje eit ferdig produkt, men skal utviklast vidare over tid i takt med behov, tilbod og erfaringar. Nye tiltak vil kome til, og eksisterande tilbod vil bli justerte.Til den heilskaplege innsatstrappa Sist endra 26.06.2026 15.07