Bufdir-midlar skal styrkje tilbodet til barn og unge

Vestnes kommune har fått 630 000 kroner frå Bufdir til å styrkje det førebyggjande arbeidet for barn og unge i 2026.

Kommunen har utarbeidd ein plan for korleis tilskotet skal nyttast. Midlane skal gå til fem tiltak som skal bidra til auka deltaking, inkludering og tilhøyrsle for barn og unge i Vestnes kommune.

Tidsavgrensa utviding av tilbodet ved SMUD:

SMUD får auka bemanning hausten 2026, og kommunen vil prøve ut eit gratis fritidsklubbtilbod for barn på 5.-7. trinn.

Inventar og aktivitetsutstyr ved SMUD:

Møteplassen skal oppgraderast med nytt inventar og gaming-PC-ar.

Styrking av BUA Vestnes:

BUA får utvida utstyrsparken slik at fleire barn og unge kan låne fritids- og aktivitetsutstyr gratis.

Musikktilbod for barn og unge med ulike funksjonsvariasjonar og nedsett funksjonsevne:

Kommunen vil prøve ut eit tilrettelagt musikktilbod i samarbeid med kulturskulane i Vestnes og Rauma og Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU).

Psykologfagleg styrking:

Kapasiteten til tidleg hjelp for barn, unge og familiar blir styrka. Tiltaket omfattar også rettleiing og samarbeid på tvers av tenester.