Budsjett 2027, og økonomi- og handlingsplan 2027–2030

Kommunedirektøren legg i dag 16.11.2026 fram sitt forslag til budsjett for 2027 og økonomi- og handlingsplan for perioden 2027–2030. 

Kommunedirektøren sine ord om budsjettframlegget:

Vestnes er ein kommune med sterke lokalsamfunn, engasjerte innbyggjarar, eit aktivt næringsliv, frivillig og organisasjonsliv og dyktige medarbeidarar. Kvar dag blir det gjort eit stort arbeid for at det skal vere godt å vekse opp, leve og bli gammal i Vestnes.

Når kommunedirektøren no legg fram budsjett for 2027 og økonomiplan for perioden 2027–2030, er det med både realisme og framtidstru. Realisme fordi kommunen står framfor store utfordringar dei komande åra. Framtidstru fordi eg meiner Vestnes har alle føresetnader for å møte desse utfordringane dersom vi handlar klokt og i tide.

Sidan 2020 har Vestnes kommune hatt eit meirforbruk på 20 millionar (i drifta) kvart år. I august 2025 låg Vestnes kommune an til eit meirforbruk på 40 millionar. Årsresultatet vart eit meirforbruk på 9,7 millionar. Så langt i år ligg det an til balanse. Det betyr at det har blitt tatt fatt i situasjonen, og jobba hardt for å betre økonomistyringa. Vi treng eit økonomisk handlingsrom, for å kunne utvikle og ha berekraftige tenester også i framtida. Derfor held omstillinga fram.

Budsjettet for 2027 er i balanse. Vi legg opp til eit positivt driftsresultat, styrkar disposisjonsfondet og set av midlar til eit eige vedlikehaldsfond. Det er viktig for å sikre kommunen økonomisk handlefridom og ta vare på dei verdiane vi eig. Samstundes er dette meir enn eit vanleg budsjett. Det er også ein plan for korleis vi skal møte ei framtid som blir annleis enn den vi har vore vane med.

Vestnes står framfor store utfordringar i åra som kjem, til liks med resten av kommune Norge.

Vi blir fleire eldre, færre er i yrkesaktiv alder, og det blir vanskelegare å rekruttere nok arbeidskraft. Derfor legg vi opp til arbeid med ny Arbeidsgjevarstrategi i 2027, der vi skal ha fokus på å behalde og utvikle tilsette, og ta i bruk potensialet i dagens utanforskap. Samtidig har Regjeringa foreslått å avvikle vertskommunetilskotet fram mot 2031, noko som vil gi Vestnes eit vesentleg inntektsbortfall. I tillegg står kommunen framfor viktige investeringar, mellom anna planlegging av ny ungdomsskule.

Desse endringane gjer at vi ikkje kan halde fram med å organisere og levere tenestene våre på same måte som før.

Omstilling er den nye normalen

Omstilling handlar ikkje berre om økonomi. Det handlar om folk, og korleis vi kan gjere ting annleis.

For oss handlar det om å sikre at innbyggjarane også i framtida skal få gode, trygge og berekraftige tenester.

Difor har vi starta arbeidet med Vestnes kommune 2050. Gjennom dette arbeidet ser vi på korleis vi kan organisere kommunen klokare, bruke kompetansen betre, ta i bruk teknologi på nye måtar og sikre at ressursane våre blir brukte der dei gir størst verdi for innbyggjarane. Vi skal også sjå korleis vi kan samarbeide meir med næringslivet, frivillige lag og organisasjonar og andre kommunar.

Vi skal ta vare på det som fungerer godt. Samstundes må vi ha mot til å endre det som ikkje lenger er berekraftig.

Tidleg innsats og førebygging er den viktigaste investeringa

Vi veit at utfordringar ofte kan løysast betre dersom vi kjem tidleg inn med rett hjelp. Det gjeld barn og unge, familiar, vaksne og eldre.

Det gjeld barnet som slit på skulen.

Ungdomen som står i fare for å falle utanfor.

Familien som opplever krevjande livssituasjonar.

Den vaksne som strevar med psykisk helse.

Eller den eldre som ønskjer å kunne bu heime og meistre kvardagen sin lengst mogleg. Eller den som er på institusjon som ønsker meir liv rundt seg, for å halde livsmotet oppe lengst mogleg.

Målet vårt er ikkje fleire tenester, men betre tenester. Tenester som samarbeider tettare, som møter innbyggjarane tidlegare, og som hjelper fleire til å meistre eigen kvardag lengst mogleg.

Den heilskaplege innsatstrappa skal vere eit viktig verktøy i dette arbeidet. Vi ønskjer å gi rett hjelp til rett tid og styrkje menneske sine eigne ressursar og moglegheiter.

Éi kommune rundt innbyggjaren

For mange opplevast kommunen som fleire ulike tenester og kontor.

Vi ønskjer at innbyggjarane i større grad skal oppleve éi kommune.

Difor arbeider vi med tettare samarbeid mellom oppvekst og helse, utvikling av eit forvaltningskontor og betre koordinering av tenester. Målet er at innbyggjarane enklare skal finne fram, få rett hjelp og møte tenester som samarbeider godt.

Framtida krev at vi gjer tydelege val

Samtidig må vi vere villige til å diskutere kva kommunen skal prioritere, korleis vi brukar ressursane våre, og korleis vi kan få mest mogleg verdi for fellesskapet sine midlar.

Nokre av vala vil vere krevjande. Men alternativet til å handle no, er at utfordringane blir større seinare.

Vestnes står ikkje åleine om dei utfordringane vi no ser.

Over heile landet opplever kommunane at befolkninga blir eldre, at det blir færre i yrkesaktiv alder og at konkurransen om kompetent arbeidskraft aukar. Samtidig aukar forventningane til dei kommunale tenestene.

Utfordringa er enkel å forstå, men krevjande å løyse:

Behova veks raskare enn ressursane.

Allereie om få år vil det vere færre menneske i arbeid enn talet på innbyggjarar som i dag mottar tenester frå kommunen. Det betyr ikkje at vi kan gjere mindre. Men det betyr at vi må arbeide annleis.

For Vestnes kjem ei særleg utfordring i tillegg. Regjeringa har foreslått å avvikle vertskommunetilskotet fram mot 2032. Dersom dette blir vedteke, vil kommunen miste ein betydeleg del av inntektsgrunnlaget sitt. I tillegg står vi framfor viktige investeringar i åra som kjem, mellom anna planlegging og bygging av ny ungdomsskule.

Summen av dette gjer at vi må omstille oss raskare og meir omfattande enn det som tidlegare har vore lagt til grunn.

Det er ei tid for openheit

Difor vil kommunedirektøren vere tydeleg på at vi ikkje kjem til å kunne gjere alt slik vi gjer i dag.

Det økonomiske handlingsrommet blir trongare. Nokre tilbod må vurderast annleis. Nokre arbeidsmåtar må endrast. Nokre prioriteringar vil vere krevjande. Og noko må vi slutte å gjere.

Men alternativet til å handle no er langt meir krevjande. Dersom vi ventar med nødvendige endringar, blir handlingsrommet mindre og vala vanskelegare seinare.

Difor handlar denne økonomiplanen om ansvar.

Ansvar for kommuneøkonomien.

Ansvar for komande generasjonar.

Og ansvar for å sikre at vi framleis kan levere gode og forsvarlege tenester til innbyggjarane.

Framtidstru trass i utfordringane

Vi har gjennom fleire år vist at vi kan finne løysingar når utfordringane kjem. Vi har kompetente medarbeidarar, ansvarlege folkevalde, sterke frivillige miljø og eit næringsliv som skaper verdiar og arbeidsplassar.

Omstillinga vi no står i, skal ikkje svekkje Vestnes. Ho skal gjere oss betre rusta for framtida. Målet er klart:

Vestnes skal framleis vere ein kommune der det er godt å vekse opp, godt å leve og godt å bli gammal.

Trass i utfordringane er kommunedirektøren optimist

Det som gjer meg mest optimistisk er menneska i Vestnes.

Vi har dyktige medarbeidarar som kvar dag stiller opp for innbyggjarane. Vi har tillitsvalde og verneteneste som tek ansvar i krevjande prosessar. Vi har folkevalde som er villige til å diskutere dei vanskelege spørsmåla. Vi har næringsliv, frivillige og innbyggjarar som ønskjer å bidra til utviklinga av kommunen.

Difor trur eg vi skal lukkast.

Les heile forslaget til budsjett og økonomi- og handlingsplan

Les heile kommunedirektøren sitt forslag til budsjett for 2027 og økonomi- og handlingsplan 2027–2030

Kva skjer vidare?

Formannskapet behandlar saka i møte 30. november. Deretter blir saka lagd ut til offentleg ettersyn i 14 dagar, før kommunestyret gjer endeleg vedtak 17. desember.

Sjå video om budsjettframlegget

Sjå video med kommunedirektøren og kommunalsjef økonomi om budsjettframlegget under.