Bli med hit! Møre og Romsdal - Oslo 2024

11. april 2024 var vi i Oslo på rekrutteringsmessa «BLI MED HIT! Møre og Romsdal» for å vise fram den flotte regionen vi bur i og representere Romsdalskommunane som attraktive arbeidsgivarar. 

På messa møtte vi mange folk som var nysgjerrige på kva regionen vår har å tilby.  Vi snakka også med fleire Vestnesingar som har blitt verande i Oslo etter avslutta utdanning. Dei hadde jobbar innan ingeniørfag (IT, geologi), læraryrket, økonomi/administrasjon, leiing, marknadsføring, kommunikasjon og innkjøp. For nokon er det veldig fjernt å skulle flytte heim att no, men for andre er det noko dei vurderer. Nokre ønsker seg heim til vår kommune, medan andre er meir interessert i byane i regionen. Dei fleste vestnesingane vi snakka med var ikkje direkte på jobbjakt no, men kom på messa for å sjå kva for moglegheiter som finst i heimfylket.  Vi nytta høve til å snakke litt med dei om kva som er viktig for dei og kva kommunen bør jobbe med framover. Innspela skal vi bruke i arbeidet med den nye kommuneplanen. Her er eit lite samandrag frå dei vi snakka med: 

Kva skal til for at du skal flytte heim?

Jobb - Det viktigaste er sjølvsagt at det er ein spennande jobb å komme til!

Møteplassar - Ein anna vel så viktig faktor er at det finst lågterskel aktivitetar i kvardagen. Det sosiale livet er svært viktig for oss. Vi set stor pris på uformelle møteplassar der vi kan gjere ting i lag med vennane våre. Vi har inntrykk av at i Vestnes drar man på jobb og så går man heim. Det som skjer utanom må vere veldig planlagd, som avtalte treningstider eller eit stort arrangement på hotellet. I ein by som Oslo skjer det noko heile tida. Vi kan vere spontane og finne på ulike ting direkte etter jobb. Vi kan stikke i klatreveggen, dra på quiz eller berre ta eit glas vin med ein venn. Men mykje har skjedd i Vestnes dei siste åra, sentrum ser mykje betre ut enn det gjorde før og har blitt ein bra plass å «henge». Vi set også stor pris på Braud som har gitt oss ein naturleg plass å møte folk når vi er heime på besøk. 

Vestnesingar på Blimeghit-messa - Klikk for stort bileteVestnesingar som trivst med det sosiale livet dei har i Oslo. Fv. Martin Langstein (innkjøp), Jeanet Katrin Gjerde (marknadsføring) og Amalie Skavnes (idrettsleiing) Vestnes kommune

Kva bør kommunen prioritere for å utvikle seg framover og å vere attraktiv som bukommune?

Oppvekst - For at vi skal velje å flytte heim i framtida må kommunen vere ein trygg og god plass for barn å vekse opp. Kvalitet i skulen er viktig. 
Samarbeid – Heile kommunen må samarbeide og framsnakke moglegheitene som finst, fordi negativitet spreier seg fort og kan gjere folk skeptiske. Dei må fokusere på dei positive tinga ved å bu i ein liten kommune og bevare det som gjer at vi synest det er godt å kome heim. 
Natur -Ta vare på nærleiken til den vakre naturen og sikre at det er enkelt å komme seg ut på tur. I Oslo er det langt til nærmaste sti som ikkje er asfaltert eller grusa.
Kollektivtilbod - Sjølv om vi ønsker oss ein del bykvalitetar ønsker vi ikkje at Vestnes skal bli ein by.  Det er naturleg at det ikkje er grunnlag for alle tilbod på ein liten plass.  Vi ønsker oss derfor betre kollektivtransport i fylket slik at man kan bu i Vestnes kommune, men likevel nytte dei tilboda som finst i byane. Vi ønsker oss også betre kommunikasjon mellom bygdene og sentrum, både kollektivtilbod og gang- og sykkelvegar. 
Varierte arbeidsplassar – Vi treng varierte arbeidsplassar innanfor fleire sektorar enn industri, helse og oppvekst og vi må få meir informasjon om kva for moglegheiter som finst.

Kva kvalitetar bør ein framtidig arbeidsgivar ha?

Godt arbeidsmiljø - Det er viktig å bygge kultur i organisasjonen, og å prioritere relasjonsbyggande tiltak. Der vi jobbar no er det godt tilrettelagd for det sosiale, med minglerom og aktivitetar i pausane. Det er kjempeviktig, for vi vil ha det artig på jobb! Det bidrar også til å styrke team-følelsen, at vi skapar noko saman!
Godt omdømme - Vi ønsker å føle at vi bidrar til noko bra!  Derfor ønsker vi ein arbeidsgivar som er bevisst på sitt omdømme. 
Større fagmiljø - Vi vil også vere ein del av eit større fagmiljø og kan kanskje vere litt redde for å bli sittande aleine i vår rolle dersom vi søkar jobb i ein liten bedrift eller i ein liten kommune. 

Vi takkar alle dei flotte folka som kom innom messa i Oslo, og håpar at nokre av dei vil vurdere kommunane i Romsdal som moglege arbeidsgivarar i framtida. 

PS. Vi kan jo nemne at vi har både klatrevegg, quiz og serveringsstader med skjenkebevilling i kommunen.