Asfaltering ved Hagnesvegen og Kyrkjebakken

I samband med asfaltering vil trafikken på Hagnesvegen og Kyrkjebakken bli påverka neste veke.

Det blir utført forarbeid i form av asfaltfresing og asfaltsaging måndag 24. august og/eller tysdag 25. august. Dette arbeidet er ikkje venta å medføre behov for stenging av vegen, men kan påverke trafikkflyten i kortare periodar.

Asfaltering er planlagt til onsdag 26. august og torsdag 27. august, med arbeid på ei strekning kvar av dagane. Dette vil truleg medføre behov for å stenge vegen for gjennomgangstrafikk medan arbeidet går føre seg.

Vi ber trafikantar vise omsyn og følgje skilting og anvisingar på staden. Takk for forståinga.

Bilete viser område kor asfalteringa skal gå føre seg. Hagnesvegen og Kyrkjebakken har raud strek - Klikk for stort bileteOmråde kor asfalteringa skal gå føre seg