Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Aktuelt

Administrasjonssjefen viser til kommunestyret sitt vedtak i sak 4/2019 og sender med dette skuleutvalet sin rapport ut på høyring.

Vestnes kommune skal oppgradere to møterom med nytt AV-utstyr. I samband med dette skal det anskaffast nytt møteromsmøblement slik at dei aktuelle møteromma framstår som moderne og funksjonelle.

Ordførar i Vestnes kommune Randi Bergundhaugen

Randi Bergundhaugen er fungerande ordførar i perioden 15. - 18. januar.

Distriktssjef for Skanska i Møre og Romsdal Åse Lien Kleppe og ordførar Geir Inge Lien signerte i dag kontrakt om bygging av det nye Helsehuset Stella Maris.

Økonomiplan 2019 – 2022 og budsjett 2019 har lege ute til offentleg ettersyn sidan 4.desember. Høyringsfrist var sett til 10. desember. Fristen var sett for å kunne sende ut alle innkomne merknader i innkallinga til kommunestyret.

Det vert ledig ei leilegheit ved Senior Plaza og ei leilegheit på Aktivitetssenteret. Søknadsfristen er 21. desember 2018.

Vestnes formannskap har no gjort framlegg om økonomiplan 2019 – 2022 og årsbudsjett for 2019.

Vestnes kommune lanserer i dag nye nettsider.

Ordførar i Vestnes kommune Randi Bergundhaugen

Randi Bergundhaugen (H) er fungerande ordførar i Vestnes kommune i perioden 3.- 19.desember.