Omsetningsoppgåve og avgift

Alle som har ei sals- eller skjenkebevilling må levere ei omsetnadsoppgåve og betale avgift kvart år. Storleiken på avgifta er avhengig av kor mykje alkohol du har selt. Opplysningar om alkoholsalet skal du oppgi i omsetnadsoppgåva.

Bevillingshavarar med fleire bevillingar må sende inn ei omsetnadsoppgåve for kvar bevilling. Bevillingshavar blir tilskrevet og alle må fylle ut omsetningsoppgåve for skjenke- og salsbevilling.

Fyll ut omsetningsoppgåve for alkohol her 

Vedlegg til omsetnadsoppgåva

Du må leggje ved ein stadfesting frå revisor/rekneskapsførar om faktisk omsetnad. 

Opphøyr eller sal av verksemd

Avgifta blir fakturert årleg heilt til bevillinga vert sagt opp. Dersom sals- eller skjenkestaden vert selt, må du sende inn omsetnadsoppgåva så snart endelege omsetnadstal er klare.

Kva koster det?

Du finn satsane for avgifta i alkoholforskrifta, kapittel 6. Satsane vert justert årleg.

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart