Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Konsekvensar ved brot på regelverket

Frå 01.01.2016 gjeld nye, nasjonale reglar for tildeling av prikkar og inndraging av bevillingar ved brot på alkohollovgivinga.

Ved brot på regelverket må kommunen tildele prikkar

Alle sals- og skjenkestadar vert kontrollert minst ein gong kvart år. Dersom vi etter ein kontroll konkluderer med brot på regelverket, er vi forplikta til å tildele prikkar. Får du tolv eller meir prikkar i løpet av to år, vil kommunen inndra bevillinga i minst ei veke. Når bevillinga er inndregen, kan du ikkje selje eller skjenke alkohol.

Kor mange prikkar vert tildelt ved kvart brot på regelverket?

8 prikkar

  • Sal og skjenking til mindreårige
  • Brot på bistandsplikta
  • Brot på kravet om forsvarleg drift
  • Hindring av kontroll

4 prikkar

  • Sal og skjenking til tydeleg berusa person
  • Brot på sals- og skjenketider
  • Skjenking av sprit til person mellom 18 og 20 år
  • Brot på alderskrav til den som sel eller skjenker alkohol

2 prikkar

  • Tydeleg påvirka person i lokale
  • Manglar ved internkontrollsystem
  • Manglande levering av omsetnadsoppgåve
  • Manglande betaling av avgift
  • Brot på reglar om styrar og stedfortredar
  • Gjentatt diskriminering
  • Gjentatt narkotikaomsetnad

1 prikk

  • Brot på reglane om alkoholfrie varer
  • Brot på reglane om plassering av alkoholhaldig drikk på salsstaden
  • Brot på reglane om skjenkemengde for brennevin
  • Brot på vilkår i bevillingsvedtaket
  • Konsum av medbragt alkohol
  • Gjestar tek med alkohol ut
  • Brot på reklameforbodet