Termiske siktemiddel

Termiske siktemiddel ikkje tillate under hjortejakta i Vestnes i 2026

Den nye viltressurslova tok til å gjelde 1. juli 2026. Etter lova er bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel, samt andre siktemiddel som betrar synlegheita av omgjevnadene eller viltet, forbode under jakt.

Kommunane kan vedta ei lokal forskrift som opnar for bruk av slike siktemiddel ved hjortejakt, men ei slik forskrift må behandlast etter dei ordinære reglane for forskriftsfastsetjing i samsvar med forvaltningslova. Dette inneber mellom anna ei tilstrekkeleg saksutgreiing, vurdering av vilkåra i forskrifta, offentleg høyring og politisk behandling før ei eventuell forskrift kan vedtakast.

Omfanget av arbeidet inneber at Vestnes kommune ikkje får gjennomført denne prosessen før hjortejakta 2026. Kommunen tek sikte på å starte arbeidet med ei eventuell lokal forskrift i god tid før hjortejakta 2027. Eit framtidig forslag vil bli sendt på offentleg høyring, slik at grunneigarar, jaktvald, jegerar og andre interesserte får høve til å kome med innspel før saka vert lagt fram for politisk behandling.

Bruk av slike siktemiddel er dermed ikkje tillate under ordinær hjortejakt i Vestnes i årets jaktsesong.