Introduksjonsprogram

Busette flyktningar og deira familiegjenforente som har behov for grunnleggande kvalifisering, deltek i introduksjonsprogrammet i kommunen. Målet er at dei skal lære seg norsk og komme raskt ut i arbeid eller utdanning.

Kven kan få tilbodet?

Flyktningar mellom 18 og 55 år som busettast i Vestnes kommune etter avtale med utlendingsmyndigheitene (IMDi) har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet.

Lenke til nettsidene til IMDi om introduksjonsprogramet

Kva tilbyr vi?

Gjennom introduksjonsprogrammetprogrammet blir det gitt opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Ein vil få kjennskap til arbeidslivet gjennom undervisning og praksis. Målet med introduksjonsprogrammet er å kvalifisere til jobb eller utdanning, for å bli økonomisk sjøvstendig.

I introduksjonstida tilbys:

Programmet er på heiltid (minimum 30 timar pr veke), og varer i inntil to år, med tillegg av godkjente permisjonar.

I tillegg vil Vestnes kommune tilby aktuelle kurspakkar som lettar integrering og inkludering i lokalsamfunnet som arbeidslivskunnskap, boligkurs, helse- og ernæring, tannpleie, foreldrekurs, leksehjelp, bank- og forsikringskunnskap.

Bedriftene, frivillige organisasjonar, Frivilligsentralen m.fl. er viktige samarbeidspartar i prosessen.

Fadderordning

Kontakt

Kontortelefon Flyktningetensta
E-post
Telefon 90 54 95 09

For spørsmål om oppfølging av busette flyktningar, donasjon av kle og utstyr og anna generelle spørsmål.

Kathrin Furland
Einingsleiar
E-post
Telefon 40 89 11 83
Toril Hollingsæter Alvsåker
Avdelingsleiar
E-post
Telefon 97 96 26 70

Opningstider

Kvardagar 08:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Myra 21
6390 Vestnes

Kart