Trygt heim for ein 50-lapp

Vestnes kommune har fått tildelt midlar gjennom ordninga «Trygt heim for ein 50-lapp».

Bidreg til tryggare heimreise

Med ordninga ønskjer kommunen å gje ungdom eit trygt og rimeleg transporttilbod.

Målet er å gjere det enklare og tryggare for ungdom å kome seg heim frå sosiale aktivitetar, samlingar og arrangement på kvelds- og nattetid.

Retningslinjer for ordninga:

  • Ordninga gjeld for ungdom frå 15 til 22 år.
  • Transport skal bestillast hos Vestnes Taxi på telefon 71 18 08 00. Bestilling må skje før kl 22:00 same kveld.
  • Køyring skjer mellom kl 22:00 og kl 02:00
  • Eigenandelen er 50 kroner per person per reise.

Når gjeld ordninga?

  • natt til laurdag
  • natt til søndag
  • natt til heilagdagar
  • ved større arrangement som fell på ordinære kvardagar

Kvar gjeld ordninga?

  • Ordninga gjeld kun for reiser innanfor Vestnes kommune.
  • Reisa må gå til ei privatadresse.
  • Tilbodet kan nyttast både frå private adresser og frå offentlege arrangement.

Viktig informasjon: Oppgi namn, telefonnummer, hentestad og reisemål ved bestilling. Møt opp på avtalt hentestad til avtalt tid.