Tomrefjellet - skiløyper

Rundt og ved vatnet Svartløken på Tomrefjellet finn du flotte skiløyper i fint terreng. Løypene egner seg for alle. For å kome deg opp til Tomrefjellet kjører du inn i Tomrefjorden, frå Tomra-sentrum går det ein fjellveg på 3 km opp på fjellet (bomveg, sjå kart). Det er gode, og gratis, parkeringsmuligheite på "reset".

Skiløypene startar frå parkeringsplassen, og etter 1 km med slak nedoverbakke så kjem ein til varmestova. Varmestova er fin som base med toalett som er opne heile året, og frå nyttår til påske når det er oppkjørte skiløyper er det kiosksal her kvar laurdag og søndag. Her finn du også kjekke akebakkar for barna. Ved varmestova finn ein starten på ei eiga sprintløype (1 km) som går i området bak varmestova mot ljosløypa. 

Rundt Svartløken er det ei rundløype i enkelt terreng i velpreparete løyper. Både klassisk spor og fristiltrase. Om ein går med sola så skal det ein halde til høgre i alle kryss, og går ein mot sola så blir det venstre. Rundturen frå varmestova er 13.2 km. Det er 1 km frå varmestova til parkeringsplassen. Det er ei 4.4 km løysløype med samme startpunkt. Løypenettet held høg standard. 

 

Ljosløypa kan ein slå på manuelt ved garasjen på Tomrereset frå oktober til mars. Den blir automatisk sløkka kl. 22.00.

 

 

Nyttige lenker

Tomrefjord Idrettslag, TIL, driftar løypene. 
Her finn du værstasjon og webkamera frå skiløypa. 
Skisporet.no - sjå om løypene er trakka
På Morotur finn du meir informasjon om terrenget, og godt kart.

Kart